Fre
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Frisk bris fra Nordvest 10.1 m/s 
Trykk: 1013.5
Dato: 22.06.2018
Lør
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Vest 6.1 m/s 
Trykk: 1016.8
Dato: 23.06.2018
Søn
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Nord-nordvest 2.7 m/s 
Trykk: 1019.9
Dato: 24.06.2018
10°
Man
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Nordvest 2.2 m/s 
Trykk: 1021.7
Dato: 25.06.2018
17°
Tirs
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Nordvest 3.4 m/s 
Trykk: 1022.5
Dato: 26.06.2018
17°
Lærdal StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Lærdal

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Lærdal
Firda
Jobb Lærdal
Leie Lærdal
Lærdal Kommune
NRK Sogn og Fjordane
Sogn Avis
Torget Lærdal

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Se Vestlandsrevyen 22.55 herNRK Sogn og Fjordane
Programleder: Jan Børge Leirvik
2018-06-21 22:54:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
Programleder: Mariann Reikerås
2018-06-21 18:40:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kajakkpadlarar velta i fjordenNRK Sogn og Fjordane
To kvinner som padla kajakk i Aurlandsfjorden, velta torsdag ettermiddag. Begge to klarte å svømma til land for eiga maskin. Dei var nedkjølte etter uhellet, og blir undersøkt av helsepersonell, melder politiet.
2018-06-21 18:24:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel opna att på E16NRK Sogn og Fjordane
Tuftåstunnelen på E6 ved Borgund var stengd på grunn av eit trafikkuhell, melder Statens vegvesen. Ein bil skal ha køyrd inn i ein annan bil bakfrå i tunnelen. Politiet melder at det kan dreie seg om eit sjukdomstilfelle. Ein person blei frakta til sjukehus i ambulanse.
2018-06-21 13:40:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke på riksveg 5NRK Sogn og Fjordane
Naudetatane er på veg til ei trafikkulukke på riksveg 5 mellom Eikefjord og Florø. Ein personbil og ein traktor er involvert i ulukka.
2018-06-21 12:38:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire blir uføretrygdaNRK Sogn og Fjordane
Det blir fleire uføretrygda i Noreg. Det viser tal frå NAV. I fjor var det 325.875 uføretrygda i Noreg, det er 7631 fleire enn året før. I Sogn og Fjordane var talet 5571, ei auke på 108 frå 2016. Det betyr at 8,3 prosent av innbyggjarane i alderen 18-67 år i fylket er uføretrygda.
2018-06-21 10:43:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for snø på fjelletNRK Sogn og Fjordane
? Det er fare for snø på fjellovergangane, seier meteorolog Anne Solveig Andersen. Ho ber dei som skal køyre over fjellet, om å planlegge turen. ? Det kan vere glatt, så folk bør følgje med på vêrmeldingane.
2018-06-21 07:35:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Betalte for å få nakenbileteNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i slutten av tenåra har fått 10.000 kroner i bot for krenkande framferd. For to år sidan fekk mannen ei jente under 16 år til å sende han nakenbilete mot betaling. Mannen har godteke bota.
2018-06-21 07:17:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ambulansebåtar kan få nye oppgåverNRK Sogn og Fjordane
Helse Førde ser på om ambulansebåtane i framtida også kan ha andre oppgåver som til dømes innan brannvern. ? I samband med at det skal utarbeidast nye anbod, har Helse Førde bede kommunane svare på kva andre oppgåver dei ser føre seg kan vere aktuelle for ambulansebåtane, seier Trine Hunskår Vingsnes som er direktør for kirurgisk klinikk og prosjektleiar for båtambulanse sør.
2018-06-21 07:14:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

100 000 kroner til turvegarNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 100 000 kroner til kartlegging turvegar i elleve kommunar. Det er Kartverket som løyver pengane, skriv Firda. Kommunane som skal kartleggast er Gaular, Flora, Jølster, Gulen, Årdal, Høyanger, Balestrand, Eid, Hornindal, Leikanger og Stryn. Målet er å få kartlagt korleis turvegane i kommunane er no, og korleis dei kan gjerast betre og meir tilgjengelege.
2018-06-21 05:36:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se kveldens siste Vestlandsrevy herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-06-20 22:49:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 20.55 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-06-20 20:43:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny brannstasjon på StadlandetNRK Sogn og Fjordane
Kommunestyret i Selje vedtok i dag å utbetre brannstasjonen på Stadlandet. Ingen av brannstasjonane i Selje og på Stadlandet tilfredsstiller i dag krava som stillast til slike anlegg, og kommunen har fått frist til 2020 med å utbetre situasjonen. Prosjektet er kostnadsrekna til sju millionar kroner.
2018-06-20 20:18:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Se Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-06-20 18:34:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet nattestengtNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet blir nattestengt frå klokka 20 til klokka 08 på grunn av uvêr.
2018-06-20 15:19:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber ungdommen om hjelp - igjenNRK Sogn og Fjordane
Ungdommen i Naustdal skal igjen høyrast, det skriv Firda. Etter ein periode utan ungdomsråd, vil kommunen no ha på plass eit nytt. Der skal ungdommen handsame saker og seie si meining. Kommunen ønskjer sju representantar og har sett frist til 30. august for å komme med innspel.
2018-06-20 13:58:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre blir til Sogn SparebankNRK Sogn og Fjordane
Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har innleia samtalar om samanslåing, det skriv dei i ei pressemelding. Namnet kan bli Sogn Sparebank om generalforsamlingane i dei tre bankane blir einige på slutten av året. Noverande banksjef i Vik Sparebank, Mads Arnfinn Indrehus, blir administrerande banksjef i den nye banken.
2018-06-20 11:57:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gir fem millionar til Astrup-filmNRK Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga DNB løyver fem millionar kroner til TV-serien om kunstnaren Nikolai Astrup (1880?1928) frå Jølster. Tidlegare er det henta inn seks millionar til filmen. I utgangspunktet er det ein spelefilm som skal brukast utanfor landets grenser, men det blir også ein serie på tre episodar som er selde til NRK. Innspelinga av filmen går i desse dagar føre seg i Jølster. Astrup blir rekna som ein av Norges fremste biletkunstnarar.
2018-06-20 09:26:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal til EMNRK Sogn og Fjordane
Eli Anne Dvergsdal frå Jølster er tatt ut til å springe med det norske flagget på brystet under EM i motbakkeløp. ? Eg gler meg veldig og skal gjere mitt aller beste, skriv Dvergsdal på sin eigen Facebook-profil. EM blir arrangert i makedonske Skopje neste helg.
2018-06-20 08:30:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Inn i sommaren utan dagleg leiarNRK Sogn og Fjordane
Sogndal Fotball legg tilsetjing av ny dagleg leiar på is, det skriv Sogn Avis. Styreleiar i klubben, Tor Arne Ness, seier dei treng meir tid til å finne rett person. No er målet å ha ein dagleg leiar på plass til årsskiftet.
2018-06-20 08:06:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har sikra seg hotelltomt i SeljeNRK Sogn og Fjordane
Lokale investorar har tatt over festeretten til hotelltomta der det brannherja Selje Hotell står i dag, skriv Fjordenes Tidende. Deler av hotellbygningen vart totalskadd i ein brann i november 2016. Stadhav AS og Bjarne Krakereid Invest AS er blant dei lokale investorane.
2018-06-20 06:45:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 framleis stengd i MasfjordenNRK Sogn og Fjordane
Klokka 10 i dag vert det gjort ei ny vurdering av når E39 i Masfjorden kan opnast for trafikk igjen, melder Vegvesenet. Steinras i Matre stengde i går både E39 og fylkesveg 383. Det er omkøyring for personbilar via sambandet Masfjordnes?Duesund.
2018-06-20 05:50:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ti sjefar på plassNRK Sogn og Fjordane
Ti av toppsjefane i Sunnfjord kommune er no tilsette, skriv Firda. Seks av dei jobbar i dag i Førde kommune, i dag og tre av dei ti er kvinner.
2018-06-19 22:38:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-06-19 22:19:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Eikefjord-jente på J16-landslagetNRK Sogn og Fjordane
Hanne Løkkebø Nybø frå Eikefjord er teken ut på J16-landslaget i basket som skal spele nordisk meisterskap i Finland 28. juni?2. juli og EM i Monte Negro i august. Løkkebø Nybø er fødd i 2002 og speler for tida for klubben Ulriken Eagles i Bergen.
2018-06-19 21:40:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ekstraferjer på Leirvåg-SløvågNRK Sogn og Fjordane
På ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg er det sett opp ekstraferjer, opplyser Vegtrafikksentralen. Ekstraferjene frå Sløvåg går på desse tidspunkta: 23:45, 00:45, 01:45 og 04:45 Frå Leirvåg er tidspunkta: 00:15, 01:15, 04:15 og 05:15.
2018-06-19 20:56:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lotetunnelen opna for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Lotetunnelen på E39 er no opna igjen, melder Vegtrafikksentralen. Tunnelen var tidlegare i kveld stengt på grunn av ein kabel som hang ned frå tunneltaket.
2018-06-19 20:43:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannvesenet prøvde å berge båtNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet rykte i ettermiddag ut etter melding om at ein fritidsbåt heldt på å gå ned ved ei flytebryggje i Gloppen. Båten blei fylt av vatn og gjekk ned før brannvesenet rakk fram med lenseutstyret, opplyser Alarmsentralen i Florø.
2018-06-19 20:04:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50 herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-06-19 18:44:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sal av Singerheimen på ventNRK Sogn og Fjordane
Styret har lagt eit eventuelt sal av Singerheimen i Olden på vent. Stryn kommune ønskjer å sjå nærare på saka, fortel Fjordingen.
2018-06-19 18:25:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kvinne til sjukehus etter ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein personbil køyrde av vegen på fylkesveg 543 ved Steinhovden i Flora kommune i ettermiddag. Kvinna som køyrde bilen er frakta til sjukehus med luftambulanse. Naudetatane rykte ut etter ulukka, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt. Vegen er no rydda etter ulukka.
2018-06-19 17:06:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forseinkingar på Leirvåg-SløvågNRK Sogn og Fjordane
Det er forseinkingar på ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg, grunna raset på som har gått på E39, opplyser Vegtrafikksentralen.
2018-06-19 16:44:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 opnar ikkje i dag NRK Sogn og Fjordane
På grunn av vanskelege forhold kjem ikkje Statens vegvesen seg fram til rasstaden ved E39 i Masfjorden med helikopter i dag. Dermed blir vegen stengd heilt til onsdag morgon.
2018-06-19 15:47:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ja til to hallar i JølsterNRK Sogn og Fjordane
Med 19 mot seks røyster har Jølster kommunestyre akkurat vedteke at det skal byggast idrettshallar både på Skei og på Vassenden. Kommunen må ut med om lag 40 millionar kroner for dei to hallane. Rådmannen har åtvara mot ei så stor investering, men politikarane ville det annleis.
2018-06-19 15:31:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet blir stengd i nattNRK Sogn og Fjordane
På grunn av vêrtilhøva, blir fv 55 over Sognefjellet nattestengd frå klokka 20 i kveld til klokka åtte i morgon tidleg.
2018-06-19 15:28:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann ned hus på LavikdalenNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet har øvd på ein svært realistisk måte, då dei fekk høve til å gjennomføre ei kontrollert nedbrenning av eit hus på Hjelmeland på Lavikdalen i Høyanger.
2018-06-19 15:17:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politikarar trekker segNRK Sogn og Fjordane
Fleire erfarne politikarar i Eid og Selje vil ikkje stille til val i nye Stad kommune neste haust. Det skriv Fjordenes Tidende, som har spurt alle representantane i dei to kommunestyra. Av dei to ordførarane så vil Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) gjerne halde fram, medan Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ikkje har bestemt seg enno.
2018-06-19 13:08:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mann treft av treNRK Sogn og Fjordane
Eit tre har velta og treft ein hjelpemann på ein søppelbil på Vereide i Gloppen. Mannen er bevisst og vert frakta til sjukehuset i Førde. Politiet opprettar sak og arbeidstilsynet er varsla.
2018-06-19 11:20:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Omkøyringsveg også stengdNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen opplyser no at også omkøyringsvegen for E39 i Matre er treft av steinar. Dermed er også den stengd. Vegvesenet veit ikkje når vegane kan opne att.
2018-06-19 11:02:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ras ved MasfjordtunellenNRK Sogn og Fjordane
Det har gått eit steinras på nordsida av Masfjordtunellen, og store steinar stenger vegen. Statens vegvesen jobbar med å få oversikt, og seier det vil ta tid før vegen kan opnast igjen. Omkøyring for personbilar via fylkesveg 383.
2018-06-19 10:27:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Artist må sitje fengslaNRK Sogn og Fjordane
Ein utanlandsk artist, sikta for to valdtekter mot ei ung jente i Sunnfjord, får ikkje sleppe fri frå varetekt. Gulating lagmannsrett opprettheld avgjerda til tingretten om at mannen må sitje fengsla i fire veker medan politiet etterforskar den alvorlege saka.
2018-06-19 10:10:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Busselskap får botNRK Sogn og Fjordane
Eit litauisk busselskap har godteke 32.000 kroner i bot for å ikkje legge til rette for at sjåførane kan følgje køyre- og kviletidsreglane. Tre bussar frå selskapet vart stogga i Indre Sogn i fjor og kontrollane avdekka til dels grove brot på reglane. På det meste køyrde ein av førarane 252 timar og 20 minuttar utan godkjent vekekvil.
2018-06-19 09:17:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snø og glatt på SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Det er snøvêr og glatte køyreforhold på fylkesveg 55 over Sognefjellet, det melder Statens vegvesen. Dei anbefaler ikkje å køyre på sommardekk.
2018-06-19 07:20:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pluss for TransferdNRK Sogn og Fjordane
Det Firda Billag-eigde transportselskapet Transferd gjekk i fjor med eit overskot på 2,5 millionar kroner, skriv Firda. Det betyr at selskapet har snudd fleire år med store underskort til overskot. Verst var det for det for fem år sidan då selskapet gjekk med 13 millionar kroner i minus. Selskapet har 125 tilsette og 76 bilar.
2018-06-19 06:26:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre vogntog stoppaNRK Sogn og Fjordane
Tre vogntog fekk ikkje køyre vidare under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i går kveld og i natt. Overlast, manglande sikring og tekniske manglar var årsaka til bruksforboda, opplyser Statens vegvesen.
2018-06-19 05:59:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Følling vil bli ordførarNRK Sogn og Fjordane
Jenny Følling vert Senterpartiet sin ordførarkandidat i nye Sunnfjord kommune ved valet til neste år, skriv Firda. Det er nominasjonsnemnda som føreslår den noverande fylkesordføraren på topp på lista. På andreplassen har dei sett Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.
2018-06-19 05:35:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To spelarar forlèt FlorøNRK Sogn og Fjordane
Florø Fotball har blitt einig med Torbjørn Aabrekk om å avslutte kontrakten hans, skriv klubben på eigne nettsider. Aabrekk vil prioritere utdanning, men speler for Florø 2 fram til sommaren. Førre veke reiste Dejan Corovic heim til Sørlandet, etter 4 månader i Florø og sju spelte kampar.
2018-06-18 22:07:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kinn Høgre formelt dannaNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet med å danne eit felles lokallag har gått føre seg sidan hausten 2017, og no er Kinn Høgre formelt danna, heiter det i ei pressemelding frå Flora og Vågsøy Høgre. Arlene Vågene frå Flora er leiar i det nye lokallaget.
2018-06-18 21:35:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redningshelikopter øver i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Eit redningshelikopter har øving i Florø fram til rundt klokka 21 i kveld, opplyser Hovudredningssentralen Sør-Noreg.
2018-06-18 19:42:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestkapp-huset opnar attNRK Sogn og Fjordane
I løpet av sommaren opnar det nyrestaurerte Vestkapp-huset opp att for servering, skriv Fjordenes Tidende. Utsiktspunktet Vestkapp ligg 496 m.o.h. på Stadhalvøya.
2018-06-18 19:17:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet undersøkjer trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein politipatrulje undersøkjer ei trafikkulukke som skal ha skjedd på fylkesveg 55 inst i Lånefjorden i Balestrand kommune i ettermiddag. ? Vi fekk melding om at det stod ein bil med store skadar langs vegen, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.
2018-06-18 18:43:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hadde usikra barn i baksetetNRK Sogn og Fjordane
Ein førar blei meld for å ha usikra barn i baksetet under ein kontroll i Florø i dag. Blant 438 kontrollerte køyretøy blei elleve førarar stoppa, og éin førar fekk gebyr, opplyser Statens vegvesen.
2018-06-18 16:33:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bremanger opphevar bålforbodetNRK Sogn og Fjordane
Vêrutsiktene og skogbrannindeksen gjer at bålforbodet i Bremanger kommune blir oppheva frå i dag, skriv Firdaposten. Det generelle bålforbodet gjeld likevel som vanleg i perioden 15. april til 15. september.
2018-06-18 16:12:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røyk frå hus er øvingNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet i Høyanger skal i ettermiddag trene på røykdykking i eit gamalt hus på Hjelmeland i Lavikdalen. Øvinga skjer i tidsrommet frå klokka 13 og utover. Det vil bli både flammar og røyk frå huset, men dette er altså knytt til ei øving, opplyser Alarmsentralen. I morgon vil brannvesenet gjere ei kontrollert nedbrenning av huset.
2018-06-18 12:59:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oljsøl i vegen på KaupangerNRK Sogn og Fjordane
Oljsøl i vegen på Kaupanger
2018-06-18 12:57:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde på kuNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt på ei ku ved Fjærlandstunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Fjærland. Ingen personar har vorte skadde i samanstøyten, men bilen har fått store materielle skader. Kua sprang frå staden, og eigaren er varsla.
2018-06-18 12:05:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skeptisk til miljøgebyrNRK Sogn og Fjordane
Ordførar Noralv Distad i Aurland vil ikkje ha miljøgebyr på turistar i Noreg. Reiselivsekspert Arild Molstad tok i går til orde for å innføre eit slikt gebyr for å dempe tilstrøyminga av turistar til dei mest besøkte stadene. Distad ønskjer ikkje ei slik ordning. I staden har kommunen hans sett i gang eit arbeid med å greie ut ein frivillig turistskatt der inntektene går til å utbetre fellesgode som toalett, stiar og liknande infrastrukturtiltak.
2018-06-18 11:09:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To busselskap bøtelagdeNRK Sogn og Fjordane
To spanske busselskap har godteke bøter på 20.000 kroner kvar etter ein kontroll på Håbakken i Lærdal i fjor. Kontrollen avdekka at bussførarane ikkje hadde tilstrekkeleg vekekvil. Kontroll av bedriftene avdekka at dei heller ikkje la til rette for at bussførarane kunne følgje køyre- og kviletidsreglane.
2018-06-18 08:57:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal gå på skule hos naboenNRK Sogn og Fjordane
35 elevar frå Sogn og Fjordane kjem til å gå på vidaregåande skule i Hordaland komande skuleår, det skriv Firda. 27 av elevane vil gå på skule på Austrheim i Nordhordland. Dette er plassar Sogn og Fjordane kjøper i nabofylket fordi elevar som bur i grensekommunar som Gulen, Aurland og Solund skal sleppe å flytte på hybel.
2018-06-18 08:17:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Spytta lensmann i ansiktetNRK Sogn og Fjordane
Ein sogning i 60-åra må betale 12.000 kroner i bot for å ha spytta lensmannen i kommunen i ansiktet. Det var i januar 2016 at politiet vart kalla ut til husbråk. I tillegg til å bli spytta på måtte politibetjentane tole å bli kalla i harde ordelag.
2018-06-18 07:31:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brot i radiosendingane i SogndalNRK Sogn og Fjordane
På grunn av vedlikehaldsarbeid på sendaren vert det i dag brot i radiosendingane i Sogndal frå klokka 09.05 til 09.30. I morgon vert det brot i sendingane frå klokka 09.05 til 09.50 og på onsdag frå klokka 10.30 til 11.00.
2018-06-18 06:00:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To bussar fekk ikkje køyre vidareNRK Sogn og Fjordane
Tre køyretøy fekk bruksforbod under ein trafikkontroll på Skei søndag. Ein varebil vart nekta å køyre vidare på grunn av overlast, medan to utanlandske turistbussar vart nekta å køyre vidare på grunn av manglar med passasjer- og køyrelistene, i tillegg til at dei hadde gjenstandar i frontruta som hindra sikta, opplyser Statens vegvesen.
2018-06-18 05:57:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Turbuss hadde oljelekkasjeNRK Sogn og Fjordane
Også under ein kontroll på E39 i Førde søndag fekk tre køyretøy bruksforbod. To på grunn av manglande sikring av last, medan ein utanlandsk registrert turbuss ikkje fekk køyre vidare på grunn av oljelekkasjar og brannfarleg skit i motorrommet.
2018-06-18 05:56:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hove og Naustdal på banaNRK Sogn og Fjordane
Torje Naustdal og Johan Hove starta begge på benken, då G18-landslaget spelte sin siste kamp Portugal i dag. Noreg avslutta turneringa med 2-1 siger over Japan. Både Naustdal og Hove kom på bana i andre omgang.
2018-06-17 19:08:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overlegen sigerNRK Sogn og Fjordane
Sleggekastar Trude Raad frå Gloppen tok ein overlegen siger under Tyrvingleikane i Oslo. På seks forsøk hadde ho berre eitt som vart gjeldande, men med eit kast på 60,15 meter sikra ho sigeren. Lagvenninne Marte Rygg Årdal vart nummer to. På 100-meter for menn senior gjekk sigeren til Jostein Joshua Dupa Fossøy frå Førde IL med tida 10,97 sekund. Ben Jeffrey Benert frå Florø tok tredjeplass på same distanse for G17 med tida 11,03.
2018-06-17 13:58:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hamna i sjøenNRK Sogn og Fjordane
Ein mann hamna i sjøen ved småbåtkaia i Balestrand og Helse Førde rykte ut med ambulanse. Men ved hjelp frå personar i nærleiken kom mannen seg heilskinna på land att etter kort tid.
2018-06-17 12:30:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykker ut til trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
To bilar har kollidert på fylkesveg 13 over Gaularfjellet. Helse Førde melder på Twitter at ambulanse er på veg.
2018-06-17 12:07:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert kapasitet på E39NRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 er det redusert kapasitet på rute C, melder Norled. Årsaka er at det er sett inn reserveferje. Vanlegvis er det MF «Stavanger» som køyrer C-ruta med ein kapasitet på 120 bilar og 350 passasjerar. C-ruta går 20 minutt over kvar heile time frå Oppedal og 10 på kvar heile time frå Lavik.
2018-06-17 10:53:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har du sjekka utløpsdatoen? NRK Sogn og Fjordane
665.000 nordmenn har eit helsetrygdekort som går ut på dato i 2018. Skal du på ferie til EØS-land eller Sveits kan helsekortet spara reisande for store utgifter knytt til sjukehusopphald om uhellet først er ute. Leveringstid på nye kort tar om lag to veker.
2018-06-17 10:49:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna kystpilgrimsleie på KinnNRK Sogn og Fjordane
Øya Kinn utanfor Florø har blitt ein av stoppestadane i prosjektet «Kystpilegrimsleia». I går avdekka fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og Flora-ordførar Ola Teigen det nye skiltet. Prosjektet gjeldt fem fylke langs kysten, frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord.
2018-06-17 09:24:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nedgang i mjølkeproduksjonenNRK Sogn og Fjordane
Etter vekst i mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane i 2016 vart det ein nedgang i 2017. Det skriv Fylkesmannen på si heimeside. I 2017 vart det produsert 103,9 millionar liter, mot 106,1 året før. Fylket er på sjetteplass på landsoversikta over dei fylka som produserer mest mjølk og totalt vert seks prosent av den totale mjølkeproduksjonen i Noreg produsert her.
2018-06-17 08:51:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil i fjellveggenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil hamna i fjellveggen på fylkesveg 60 mellom Olden og Loen i Stryn. Uhellet vart meldt til politiet klokka 06.26 i dag tidleg og politiet har vore på staden for å undersøka. Politiet har ikkje meldt om personskade i meldinga på Twitter, men Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at dei ikkje vart kalla ut til hendinga.
2018-06-17 08:21:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde fekk bank i BergenNRK Sogn og Fjordane
Førde sine fotballherrar i 3. divisjon får ein lang tur heim frå Bergen etter at dei tapte heile 6?0 mot Fana. Førde fekk keeper Knut Strand Løseth utvist etter 36 minutt på stillinga 1?0 til Fana. I følgje Firda spelte Førde då med ein utespelar i mål resten av kampen, då dei ikkje hadde reservekeeper på benken. Til pause stod det 2?0 og etter kvilen styrte heimelaget kampen. Førde ligg under nedrykksstreken med sine sju poeng på ti kampar.
2018-06-16 18:29:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Løfta seg til topplassering i VMNRK Sogn og Fjordane
Signe Elisabeth Belden (34) frå Måløy sikra seg ein åttandeplass i VM i styrkeløft utstyrsfritt i Canada. Det skriv Fjordenes Tidende. Ho konkurrerte i 63-kilosklassen og var einaste norske deltakar i den vektklassa.
2018-06-16 17:07:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk milliongåveNRK Sogn og Fjordane
AKVAHUB i Hyllestad får ein million kroner til å byggje ein organisasjon for verksemder som vil samarbeide innan miljø og bærekraft i akvakulturnæringa. Pengegåva kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane. ? Dette er ei næring for framtida, der vi vil sjå mykje nytt i den komande tida, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.
2018-06-16 16:59:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sterke friidrettsprestasjonarNRK Sogn og Fjordane
13-åringen Johannes Konstali-Lødemel frå Stryn stakk av med to pallplassar under friidrettsstemnet Tyrvingleikane laurdag ettermiddag. På 600 meter vann han med over sekundet på tida 1.32,87 minutt og på 60-meter vart han nummer tre med 7,91 sekund. På plassen framfor kom Jakob Slåtten frå Jølster med 7,77 sekund. Han var eitt hundredel frå sigeren på distansen.
2018-06-16 16:27:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Heimesiger i Molden oppNRK Sogn og Fjordane
Geir Steig frå Luster vann dagens motbakkeløp Molden opp i Luster på tida 51.18 minutt. Det skriv Sogn Avis. Han var om lag minuttet framfor nummer to, Ole Martin Erdal frå Førde. I kvinneklassen vann May Britt Buer frå Gular med 59.59. Motbakkeløpet vart arrangert for niande gong og går frå Marifjøra og opp til Molden på 1116 meter.
2018-06-16 14:38:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha krav om nynorskNRK Sogn og Fjordane
Norsk Målungdom krev at kommunar med nynorskskular prioriterer å tilsette lærarar som kan nynorsk. Dei er uroa for at mange lærarstudentar manglar kompetanse til å undervise i nynorskområde. ? Krav om nynorsk bør komme klart fram når skulane skal tilsette lærar, seier Fredrik Hope, som er leiar for Norsk Målungdom.
2018-06-16 11:15:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppheva bålforbodNRK Sogn og Fjordane
Fleire kommunar har no oppheva bålforbodet etter nedbøren som har kome dei siste dagane. Blant desse er Stryn og Sogndal kommunar. Alarmsentralen vil minne om at det i tidsrommet mellom 15. april og 15. september er forbode å gjere opp eld i skog og anna utmark. Skal du gjere opp eld, så må du søke kommunen om løyve.
2018-06-16 10:10:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann i traktor NRK Sogn og Fjordane
Ein traktor stod i full fyr ved Svarthumle i Eikefjord i natt. Det var ikkje fare for av brannen skulle spreie seg og brannen blei raskt sløkt. Politiet har oppretta sak på hendinga.
2018-06-16 08:20:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uavgjort i PortugalNRK Sogn og Fjordane
Både Torje Naustdal frå Florø og Johan Hove frå Sogndal spelte for det norsk U18-landslaget i fotball som spelte 1?1 mot Tsjekkia i ei turnering i Portugal i ettermiddag. Noreg låg under 1?0 til pause, men sikra uavgjort etter kvilen. Neste kamp er mot Japan på søndag klokka 12.00.
2018-06-15 21:09:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha fleire forslag frå fylketNRK Sogn og Fjordane
Det har komme inn over 300 forslag til nytt fylkesvåpen når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman i 2020, men få av forslaga kjem her frå fylket. No ber den kommande fylkesrådmannen for Vestland, Rune Haugsdal, om at folk i Sogn og Fjordane finn fram teiknestiftar og ark for å lage forslag til fylkesvåpen.
2018-06-15 20:32:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til topps på 200 meterNRK Sogn og Fjordane
17-åringen Ben Jeffrey Benert frå Florø gjekk til topps på 200-meteren for 17-åringar under Tyrvingleikane i ettermiddag. Han klokka inn til 22,40 sekund. I diskos fekk Håkon Fjellstad frå Gloppen andreplass i G18/19 og Else Lundestad Bakkelid tok andreplass i diskos for kvinner senior.
2018-06-15 19:19:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen her!NRK Sogn og Fjordane
Programleder: Mariann Reikerås
2018-06-15 19:17:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger vegNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 5/Gravensteinsgata i Sogndal blir stengt for køyretøy større enn bubil og varebil i natt. Det gjeld i tidsrommet frå midnatt til kl. 05. Kommunen skal skifte ut eit vassrøyr, og berre mindre køyretøy kjem forbi.
2018-06-15 18:39:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får behalde skulenNRK Sogn og Fjordane
Ungane på Bryggja får likevel gå på skule i bygda til hausten. Bryggja Skule AS fekk i dag grønt lys av Undervisningsdirektoratet til å drive ein kristen privatskule. I ei pressemelding skriv Bryggja Skule AS at dei tek sikte på å starte opp skulen i august i år. Vågsøy kommune vedtok å legga ned skulen i 2016.
2018-06-15 16:35:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har vore i eit trafikkuhell mellom Innvik og Utvik på fylkesveg 60 i Stryn. Ein person er sendt til sjukehus.
2018-06-15 16:29:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg 60 opna igjenNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane rykte ut etter at to bilar har kolliderte ved krysset mellom fylkesveg 60 og fylkesveg 693 Myklebustvegen på Byrkjelo. Den eine bilen tok fyr. To personar blei frakta til sjukehus, og begge er lettare skadde, melder Helse Førde på Twitter. Vegen er no open, men trafikken blir dirigert.
2018-06-15 14:31:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre over vegenNRK Sogn og Fjordane
Det skal ha kome tre eller busker over fylkesveg 615 ved Rygg, mellom Sandane og Hyen. Det skal vere mogleg å passere.
2018-06-15 14:20:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen debattNRK Sogn og Fjordane
Det vart ingen debatt då arbeidsutvalet i fellesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane i dag diskuterte kraftfondet sistnemnde ønskjer å opprette i samband med fylkessamanslåinga. Utvalet bad om å få fleire fakta på bordet før retningslinjene for fondet vert vedtekne. Alle medlemmene gav uttrykk for at dei var rimelege trygge på at dei skal verte samde.
2018-06-15 14:00:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Første kvinnelege lotteridirektørNRK Sogn og Fjordane
Gunn Merete Paulsen (44) frå Førde er tilsett som ny leiar for Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ho skal fungere i stillinga medan Atle Hamar er statssekretær. Paulsen har tidlegare jobba i tilsynet, men kjem no frå stillinga som advokat i PriceWaterhouseCoopers.
2018-06-15 12:51:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykkjer ut til røykutviklingNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut etter melding om røykutvikling i administrasjonsbygget til Norsk Bergsikring i Stongfjorden i Askvoll. Politiet fekk melding like før klokka halv sju frå ein tilfeldig forbipasserande.
2018-06-15 06:32:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert kapasitetNRK Sogn og Fjordane
Det blir redusert kapasitet på sambandet Lavik-Oppedal på grunn av farleg last. Avgangen det gjeld er klokka 07 frå Oppedal. Kapasiteten er redusert til 12 passasjerar, opplyser Norled.
2018-06-15 05:24:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis bålforbodNRK Sogn og Fjordane
Ingen brannsjefar i fylket har førebels oppheva bålforbod. Det opplyser Alarmsentralen i Florø. Etter ei lang tørke og bålforbod, er det no venta mykje nedbør. Brannsjef i Sogn brann og redning, Vidar Trettenes, seier at dei truleg vil oppheve forbodet i morgon.
2018-06-14 23:06:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå kveldens siste VestlandsrevyNRK Sogn og Fjordane
Programleder: Mariann Reikerås
2018-06-14 22:45:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har du sjekka båten din i dag?NRK Sogn og Fjordane
Sjekk at båten din er festa godt nok og at den ikkje slit seg. Den klare oppmodinga kjem frå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, no når det er venta full storm ved Stad. Kastevinden kan komme opp i ein styrke på 35 meter per sekund her i fylket. Difor ber no HRS alle båteigarar om å sjekke båten for å unngå unødvendige redningsaksjonar.
2018-06-14 21:03:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tefre slo KlæboNRK Sogn og Fjordane
Langrennsløpar Gjøran Tefre frå Førde vart nummer 12 under rulleskirennet Holmenkollen skishow. Tefre gjekk ut som nummer ni på jaktstarten og hamna i ei gruppe på 15-20 løparar som kjempa om andreplassen bak ein overlegen Simen Hegstad Krüger som vann. I spurten slo Tefre blant anna stjerneskotet Johannes Høsflot Klæbo.
2018-06-14 20:56:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 20.55 ser du herNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2018-06-14 20:53:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må møte i rettenNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra må i oktober møte i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for seksuell omgang med mindreårige. Jenta var under 16 år då overgrepet skjedde sommaren for to år sidan på ein mindre stad i Sunnfjord. Mannen må også svare for bruk og oppbevaring av narkotika.
2018-06-14 20:41:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Følg nedbøren «minutt for minutt»NRK Sogn og Fjordane
Følg nedbøren «minutt for minutt»
2018-06-14 20:23:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lærdal StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.