Fre
Lett snø
Nedbør: 0.3 mm
Vind: Laber bris fra Sør-sørvest 7.4 m/s 
Trykk: 997.7
Dato: 19.01.2018
-8°
Lør
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Sør 7.5 m/s 
Trykk: 1002.7
Dato: 20.01.2018
-9°
Søn
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Vest-sørvest 3.4 m/s 
Trykk: 1015.0
Dato: 21.01.2018
-9°
Man
Snø
Nedbør: 2.0 mm
Vind: Lett bris fra Aust-søraust 4.3 m/s 
Trykk: 1007.1
Dato: 22.01.2018
-10°
Tirs
Snø
Nedbør: 2.4 mm
Vind: Lett bris fra Sør-søraust 3.5 m/s 
Trykk: 998.0
Dato: 23.01.2018
-4°
Lærdal StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Lærdal

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Lærdal
Firda
Jobb Lærdal
Leie Lærdal
Lærdal Kommune
NRK Sogn og Fjordane
Sogn Avis
Torget Lærdal

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Saknar du ein hund?NRK Sogn og Fjordane
Ein innringar fortel at det går ein hund laus i vegen i Halbrendslia i Førde. Hunden er liten, svart og har raudt halsband.
2018-01-19 14:53:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brøytebil stenger vegNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 606 er stengd for tunge bilar like vest for Hardbakke i Solund, fordi brøytebilen har køyrt seg fast. Det blir difor ikkje bli brøyta i området på ei stund. Personbilar kan passere. Køyr etter forholda. Statens vegvesen reknar med at fylkesveg 606 skal vere rydda innan klokka 11.
2018-01-19 08:17:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dyrt utan bombrikkeNRK Sogn og Fjordane
Ein buss som i går ettermiddag vart stogga på Nordfjordeid var 2100 kilo for tung. For dette skreiv Statens vegvesen ut eit gebyr på 6950 kroner. I tillegg mangla det bombrikke, noko som resulterte i eit gebyr på 8000 kroner til bileigar.
2018-01-19 07:11:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå vestlandsrevyen klokka 22.58NRK Sogn og Fjordane
Se Vestlandsrevyen direkte.
2018-01-18 22:45:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har signert for toppklubb NRK Sogn og Fjordane
Fotballspelaren Synne Sofie Christiansen (t.h.) frå Sogndal har skrive kontrakt med toppserieklubben Røa, skriv haugenfotball.no. ? Eg gler meg til å bli betre kjent med spelargruppa og til å starte sesongen, seier ho til Røa Dynamite Girls. Christiansen har tidlegare spelt for Sogndal og Kaupanger, og sidan 2015 har ho vore i stallen til Vålerenga.
2018-01-18 21:22:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Se Vestlandsrevyen direkte.
2018-01-18 20:54:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To spelarar forlèt FørdeNRK Sogn og Fjordane
Handballspelaren Anniken Bjorøy skiftar klubb frå Førde til Tertnes. Ho har spelt på Førde sidan august i fjor. Førde som spelar i 1. divisjon, har også sleppt Kamila Szczecina til eit tysk handballag.
2018-01-18 19:46:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.55NRK Sogn og Fjordane
Sjå Vestlandsrevyen 18.55
2018-01-18 18:46:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ho blir rådmann i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Lise Mari Haugen blir rådmann i Førde kommune fram til 2020, skriv Firda. Ho er i dag assisterande rådmann i kommunen. ? Vi skal prøve å finne gode løysingar der nokre av oppgåvene ho har i dag, kan bli overtatt av andre, seier ordførar Olve Grotle (H) til avisa. Noverande rådmann Ole John Østenstad går over til å bli prosjektleiar og deretter rådmann i Sunnfjord kommune.
2018-01-18 17:57:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har framleis ordførar-ambisjonarNRK Sogn og Fjordane
Atle Hamar (V) har framleis ambisjonar om å bli ordførar i nye Sunnfjord kommune. Det sa han direkte i ettermiddagssendinga då han var utnemnt som statssekretær i Klima- og miljødepartementet. ? Eg har dei ambisjonane, ja. Den nye storkommunen er noko av det mest spennande som skjer i fylket.
2018-01-18 14:32:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nortura kuttar i talet på tilsetteNRK Sogn og Fjordane
Nortura skal kvitte seg med 300 tilsette for å kutte kostnader. I Sogn og Fjordane har selskapet kring 250 tilsette ved anlegga i Førde og Sogndal. Det førebels uvisst om desse avdelingane vert råka. Konsernsjef Arne Kristian Kolberg seier til Dagens Næringsliv at innteninga i selskapet ikkje svarar til ambisjonane deira.
2018-01-18 13:54:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forseinkingar i helikoptertrafikkenNRK Sogn og Fjordane
Uvêr gjer at det er store forseinkingar i helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen og fastlandet. Dette gjeld blant anna rutene frå Florø til Snorre A. Også i går var det problem for offshoretrafikken over heile Vestlandet.
2018-01-18 11:33:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Varsel om tvangsovertakingNRK Sogn og Fjordane
Lærdal kommune forhandlar med Aud og Astrid Sjøvold om kjøp av gardsbruket deira på Håbakken. Samstundes har kommunen sendt ut førehandsvarsel om tvangsovertaking, dersom forhandlingane ikkje fører fram, skriv Sogn Avis. Rådmann Alf Olsen jr. seier førehandsvarsel er ein del av prosessen i framkant av ei oreigningssak.
2018-01-18 07:23:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rydding langs Rv. 13NRK Sogn og Fjordane
Det er brukt ein million kroner til utsiktsrydding langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet. Det melder nasjonaleturistveger.no. I over eit halvt år har eit arbeidslag trimma vegkantane frå Byttevatnet til Holmen. Her har dei fjerna fjellbjørk og gran for å betre opplevinga av køyreturen, men og for å gjere den tryggare.
2018-01-18 07:14:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen klokka 23NRK Sogn og Fjordane
Sjå sendinga her (nokre sekund forseinka).
2018-01-17 22:53:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lang stenging på fylkesvegNRK Sogn og Fjordane
Når vegvesenet skal bytte ut tre bruer på fylkesveg 93 mellom Vadheim og Guddal, blir vegen stengd i inntil åtte månader frå mars, skriv Firda. Det er mest gunstig for både kostnad og framdrift å skifte ut alle tre bruene i éi stenging, ifølge Statens vegvesen. Omkøyringa blir på ein kommunal veg, og vegvesenet er i dialog med både Fjaler og Gaular kommune.
2018-01-17 22:40:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sju måtte rydde i frontrutaNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs i Hornindal i dag, og sju sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før dei fekk køyre vidare. Årsaka er at det er trafikkfarleg. Ein sjåfør hadde eit punktert dekk på hengaren, og ein annan hadde ikkje nok kjettingar og måtte kjøpe fire stykke før han fekk køyre vidare.
2018-01-17 22:19:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Jan Børge Leirvik
2018-01-17 21:07:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal leie LotteritilsynetNRK Sogn og Fjordane
Bjørn Morten Øen blir konstituert direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det skjer etter at Atle Hamar vert statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Hamar seier det no blir opp til Kulturdepartementet å avgjere kven som blir arvtakaren.
2018-01-17 17:54:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Melde for brot på kviletidaNRK Sogn og Fjordane
To førarar er melde for brot på køyre- og kviletida under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. I tillegg blir det sendt oppmoding om føretakskontroll i tre transportverksemder. Totalt blei 24 køyretøy grundig sjekka under kontrollen. Fleire fekk bruksforbod for mangelfull lastesikring og overlast. Ein mangla bremser på ein akselen på hengaren.
2018-01-17 17:29:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fri ferdsel på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Rv. 13 over Vikafjellet er no open for fri ferdsel. Det skjer etter at det var kolonnekøyring på fjellovergangen.
2018-01-17 16:50:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dalsbotten får fornya tillitNRK Sogn og Fjordane
Britt Dalsbotten (Frp) frå Førde og Bremanger held fram som politisk rådgjevar for fiskeriminister Per Sandberg (Frp) etter dagens utskiftingar i regjeringa. ? Eg er veldig glad for at fiskeriministeren vil ha meg med vidare. Det var ingen automatikk i det, sjølv om han blir sittande på same post, seier ho i ei melding.
2018-01-17 16:47:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for snøskredNRK Sogn og Fjordane
NVE melder om betydeleg snøskredfare i Jotunheimen i dag. Frå i morgon av vil snøskredfaren gå ned til moderat fare. NVE minner om at det oftast er på faregrad to og tre det kan gå gale.
2018-01-17 16:38:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må berge vogntog i SogndalsdalenNRK Sogn og Fjordane
To vogntog har køyrd seg fast i Sogndalsdalen, melder politiet på Twitter. Dette har skjedd ved enden av Sogndalsvatnet. Ein politipatrulje dirigerer trafikken og ein bilbergar er framme på staden.
2018-01-17 15:53:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politisk rådgjevar frå GloppenNRK Sogn og Fjordane
Kjartan Almenning (V) frå Sandane blir politisk rådgjevar for statsråd Iselin Nybø (V) i kunnskapsdepartementet. Almenning har vore politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe. Han har også vore lokalpolitikar i Oslo.
2018-01-17 15:36:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Reiser frå SogndalNRK Sogn og Fjordane
Danske Magnus Fruergård Pedersen og Sogndal Fotball har avslutta kontrakten. ? No reiser eg heim til Odense. Der skal eg sjå på ulike moglegheiter for vegen vidare, seier han til klubben sine nettsider. 21-åringen kom til Sogndal i januar 2016, men med Taijo Teniste som konkurrent på høgreback, vart det berre 9 kampar. I fjor var han på utlån til 1. divisjonslaget Elverum.
2018-01-17 14:49:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Store forseinkingarNRK Sogn og Fjordane
Det er store forseinkingar i helikoptertrafikken frå fastlandet til og frå Nordsjøen. Årsaka er fare for lyn og torevêr. Statoil forventar forseinkingar ut over dagen. Dette gjeld blant anna offshorehelikopter til og frå Florø.
2018-01-17 14:03:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt grunna rasfareNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt grunna rasfare. Klokka 15.00 vert det gjort ei ny vurdering på om fjellovergangen kan opna att i løpet av dagen.
2018-01-17 09:41:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre av tolv med overlastNRK Sogn og Fjordane
To tungtransportførarar som vart stogga på Håbakken i går er melde til politiet for brot på køyre- og kviletida. Den eine vart også pålagt å gjennomføre døgnkvile på staden. I alt 12 køyretøy vart kontrollerte og Statens vegvesen skreiv også ut tre gebyr for overlast, der det største var på 10.550 kroner.
2018-01-17 07:33:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i SogndalNRK Sogn og Fjordane
Ved eitt-tida i natt vart ei 45 år gammal kvinne send til sjukehus for observasjon etter eit trafikkuhell på riksveg fem ved Loftesnes i Sogndal. Politiet opplyser at det er mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.
2018-01-17 06:19:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Jan Børge Leirvik
2018-01-16 21:03:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal du mellom aust og vest? NRK Sogn og Fjordane
E16 over Filefjell er vegen som er mest til å stole på når du skal køyre mellom aust og vest. Så langt i vinter har det vore kolonnekøyring i 10 timar og 45 minutt på europavegen.
2018-01-16 20:25:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.55NRK Sogn og Fjordane
Blant sakene er nye tider for meieriet på Byrkjelo, og Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi som går saman om straumsal.
2018-01-16 19:54:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i FørdeNRK Sogn og Fjordane
To bilar kolliderte i eit lyskryss i Førde sentrum. Då politiet kom fram til staden var begge bilane vekke. ? Vi skal følge opp denne saka, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Bergen, Bjarte Rebnord.
2018-01-16 17:47:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

27 fekk spreie oskeNRK Sogn og Fjordane
Fylkesmanneninnvilga i fjor 27 søknader om oskespreiing i Sogn og Fjordane etter dødsfall. Dei fleste søkjer om å få spreise oske etter avdøde i fjellet eller på sjøen, skriv Fylkesmannen på si nettside. I alt kom det inn 28 søknader, noko som er tre færre enn året før. Det vart gitt avslag på éin søknad.
2018-01-16 13:35:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ap seier nei til folkerøystingNRK Sogn og Fjordane
Eit samrøystes Vågsøy Arbeidarparti seier nei til folkerøysting om Vågsøy og Flora skal slå seg saman til nye Kinn. Dermed blir det opp til Høgre å avgjere om det blir folkerøysting eller ikkje.
2018-01-16 13:01:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem med naudlinjaNRK Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt melder om problem med telefonlinja 02800. ? Ved naud, ring 112, opplyser dei på Twitter.
2018-01-16 12:41:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nytt styre i Helse VestNRK Sogn og Fjordane
Helse- og omsorgsminister Bent Høie har i dag oppnemnd styremedlem og styreleiarar for dei regionale helseføretak. Einar Stømsvåg blir ny styreleiar i Helse Vest, med Tone Berntsen Steinsvåg som nestleiar. Elles sit Gunnar Berge, Olin Johanne Henden, Sigurd Kolstrup Hille (ny) og Katrine Trovik (ny). Lise Karin Strømme, Bente Sissel Pilskog og Tom Guldhav er tilsettvalde.
2018-01-16 10:51:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her blir det ope kvar timeNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdalstangen kan bli stengd i periodar på inntil ein time. Vegen opna søndag etter å ha vore stengd i ti dagar av steinras. I dag starta arbeidet med å sikre fjellsida ytterlegare. Statens vegvesen opplyser at vegen blir open kvar heile klokketime fram til klokka 16.
2018-01-16 09:59:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vik og Stryn må ut av fylketNRK Sogn og Fjordane
Vik får bortekamp mot Nordhordland, medan Stryn må til Volda, i første kvalifiseringsrunde til årets NM i fotball. I tillegg tek Fjøra i mot Årdal, medan Førde tek turen til Eid. Med unntak av Fjøra - Årdal, som blir spelt 18. mars, skal kampane spelast 21. mars.
2018-01-16 08:16:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Svindla Nav for 300.000NRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne i 60-åra møter i dag i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å ha svindla til seg 300.000 kroner frå Nav. I nær tre år førte ikkje kvinna opp på meldekortet sitt alle timane ho faktisk arbeidde hos ein arbeidsgjevar.
2018-01-16 08:11:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berre ein fjellovergang heilt openNRK Sogn og Fjordane
Berre europaveg 16 over Filefjellt er i dag open for fri trafikk. Riksveg 52 Hemsedalsfjellet er stengt for personbilar, og kolonnekøyrd for køyretøy over 7,5 tonn. Også på riksveg 15 over Strynefjellet er det i dag kolonnekøyring på grunn av uvêr. Fylkesveg 50 Hol?Aurland, fylkesveg 53 Tyin?Årdal og riksveg 13 over Vikafjellet er alle stengde på grunn av uvêr.
2018-01-16 05:49:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 60 open attNRK Sogn og Fjordane
Vegen mellom Utvik og Innvik er open for trafikk etter at fleire store tre velta og sperra vegen. Desse er no fjerna av entreprenør, melder Statens vegvesen.
2018-01-15 21:49:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 NRK Sogn og Fjordane
Ruskevêr og dieselavgift er blant overskriftene.
2018-01-15 21:28:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd ved Øye på E16NRK Sogn og Fjordane
Ved Øye mellom Lærdal og Fagernes er det stengd for køyretøy med ei totalvekt på over 7,5 tonn, melder Statens vegvesen. Det skjer på grunn av bilberging etter at to lastebilar kolliderte.
2018-01-15 18:49:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Filefjell er opna opp attNRK Sogn og Fjordane
Ein bilbergar har vore på staden og fjerna bilen som stengde vegen på E16 over Filefjell. Vegen er no open for fri ferdsle.
2018-01-15 14:55:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog har trøbbelNRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog slit med å kome seg opp Lundebakkane på riksveg 5 i Jølster. Ein innringar fortel om glatte vegar og tett snøvêr i området.
2018-01-15 14:41:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Filefjellet er stengtNRK Sogn og Fjordane
E16 over filefjell er stengt, fordi ein bil har køyrt seg fast og sperrar vegbana. Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier at bilbergar er på veg for å fjerne bilen.
2018-01-15 13:30:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bø-brørne fekk grønt OL-lysNRK Sogn og Fjordane
Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er, ikkje uventa, klare for vinter OL i Pyeonchang. Spesielt Johannes, som ligg på andre plass i verdscupsamandraget, har imponert i vinter. I det siste har også storebror Tarjei vist gryande form. Sjå det førebelse uttaket her.
2018-01-15 12:59:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen er opna på E39NRK Sogn og Fjordane
Like etter klokka 12 opna Vegvesenet vegen ved Alværa på E39 mellom Vadheim og Lavik, det fortel Vegtrafikksentralen i Lærdal. Vegen var stengd i samband med ei trafikkulukke.
2018-01-15 12:22:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil velta på UtvikfjelletNRK Sogn og Fjordane
Ein personbil har velta og ligg på sida på fylkesveg 60, Utvikfjellet. Politiet seier føraren skal vera uskadd og at eitt køyrefelt er stengt.
2018-01-15 11:21:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i E39NRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne er send til sjukehus med smerter i brystet etter at ho køyrde av vegen på E39 ved Alværa i Lavik litt over klokka 10 måndag. Kvinna var åleine i bilen og kom seg ut på eiga hand. Bilen skal ha snurra rundt før den hamna utfor vegen. Ifølgje politiet er det store materielle skader og bilen er ikkje køyrbar. Det er manuell dirigering av trafikken på staden.
2018-01-15 10:37:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykkjer ut til pipebrannNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet har rykka ut til melding om ein pipebrann på Dale i Høyanger. Det er to leilegheiter i huset, men alle skal ha kome seg ut av huset.
2018-01-15 10:00:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vind påverkar flyaNRK Sogn og Fjordane
Den kraftige vinden har påverka flytrafikken til og frå flyplassane i fylket. For fullstendig oversikt, sjå Widerøe sine nettsider.
2018-01-15 08:10:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde inn på pallenNRK Sogn og Fjordane
Andrine Mårstøl (Haugen) køyrde inn til ein 2. og ein 3.-plass under søndagens Super G-renn i Olympiabakken på Hafjell. Lagkamerat Åge Solheim noterte seg for to fjerdeplassar i storslalåm under CIT Arnold Lunn World Cup i austerrikske Reiteralm.
2018-01-15 07:35:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avlyser vegarbeid i ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Det planlagde arbeidet med å sikre fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdalstangen, er utsett. Statens vegvesen melder at vinden er for sterk til å gjere arbeidet. Dermed får trafikken gå som normalt i dag. Vegen vart opna i går etter å ha vore stengd i over ei veke etter eit stort steinras.
2018-01-15 07:29:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilte ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Fjord1 har innstilt ferjesambandet Daløy - Haldorneset på fylkesveg 31 i Solund. Det same gjeld anløpa til Husevågøy på ferjesambandet Måløy - Oldeide. Årsaka er vêrforholda. Norled melder at sørgåande hurtigbåt til Bergen ikkje går innom Leirgulen.
2018-01-15 07:20:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengde fjellovergangarNRK Sogn og Fjordane
Filefjell er no den einaste fjellovergangen mellom aust og vest som er open. Riksveg 15 over Strynefjellet er kolonnekøyrt. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring for store køyretøy, elles er fjellovergangen stengd for mindre køyretøy. Dei andre fjellovergangane mellom aust og vest er i dag stengde på grunn av uvêr. Det same er riksveg 13 over Vikafjellet. Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.
2018-01-15 05:23:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fortvilar over avviklingNRK Sogn og Fjordane
Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Pelsdyrbøndene er svært skuffa, og meiner dei vert ofra. ? Siste ord er definitivt ikkje sagt i denne saka. No skal vi leggje ein plan, og har håp om at vi skal klare å komme oss rundt dette, seier styreleiar Bertran Trane Skardsem i Norges Pelsdyralslag.
2018-01-14 21:24:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte sikre lause takplaterNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet på Eid har vore ute for å hjelpe ein huseigar. Ifølgje Frode Korneliussen på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane var det snakk om problem med nokre lause takplater. Det er allereie sterk vind fleire stader i fylket. Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om at det i enkelte område kan kome vindkast over 35 meter i sekundet.
2018-01-14 20:16:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for Førde-dameneNRK Sogn og Fjordane
Førde og trenar Kristiann Gudmundsson tapte mot Fjellhammer i ettermiddag. Til pause låg Førde under med to mål, 14-16, men i andre omgang vart overtaket til Fjellhammer større. Kampen enda med at Førde tapte 27?34.
2018-01-14 19:33:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt for personbilar på rv. 52NRK Sogn og Fjordane
Vêret på riksveg 52 Hemsedalsfjellet er no så ille at personbilar ikkje får vere med i kolonnene. Det melder Statens vegvesen. Det er kolonnekøyring for alle køyretøy over 7,5 tonn. Ifølgje Vegtrafikksentralen tyder vêrmeldingane på at det blir verre utover kvelden. Fjellovergangen kan bli stengt på kort varsel.
2018-01-14 18:20:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonnekøyring på HemsedalsfjelletNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at det er innført kolonnekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet på grunn av uvêr.
2018-01-14 16:24:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna for trafikk på fv. 53NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen i Årdal er opna for trafikk i eitt køyrefelt. Vegen vart opna like før klokka 16, etter å ha vore stengd i ti døgn. Det vil bli stengingar i dagane framover, då det står att ytterlegare sikringsarbeid i fjellsida.
2018-01-14 16:15:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte avlyse grunna sterk vindNRK Sogn og Fjordane
Skiflygingsrennet i Kulm er avlyst. Sterk vind førte først til at kvalifiseringa vart avlyst, og det vart bestemt at ein skulle gå rett i konkurranse. Den blei først utsette, før arrangørane altså valde å avlyse rennet. Anders Fannemel og resten av det norske hopplandslaget får dermed ikkje måle krefter i ettermiddag.
2018-01-14 16:03:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her blir vegen opna klokka 16NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen i Årdal blir opna klokka 16. Det stadfestar kontrollingeniør Bjørn Indrebø i Statens vegvesen. ? Vi har 12 mann som jobbar for fullt her akkurat no. Det er att noko småtteri, men vi opnar klokka 16, seier han. Hovudvegen inn til Årdal har vore stengd i ti døgn etter at store stein- og lausmassar losna i fjellsida over vegen.
2018-01-14 15:09:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gulldamene skal få varm mottakingNRK Sogn og Fjordane
Førde kommune vil heidre dei ferske norgesmeistrane i volleyball når dei er venta heim frå Oslo i 19-tida søndag kveld. Damelaget til Førde vann i går cupfinalen med 3-1 over Oslo volley. ? Vi vil vise at vi er veldig stolte og håpar så mange som mogleg tek turen til Førdehuset, seier kommunalsjef for kultur, Trond Ueland.
2018-01-14 14:43:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stilte med to mann på stafettenNRK Sogn og Fjordane
Gjøran Tefre gjekk Førde rett i tet på dagens NM-stafett og sende Torstein Bu ut på 16. plass. Dermed var stafetten over for Førde sin del, som ikkje hadde ein løpar på tredje etappe. ? Eg har vore skadd ein periode og eg kjende i dag tidleg at kroppen ikkje var klar for løpet. Difor måtte eg stå over, seier Ole Martin Erdal, som skulle vore ankermann. I dameklassa vart Førde nummer 45.
2018-01-14 14:11:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mårstøl nummer tre i HafjellNRK Sogn og Fjordane
Andrine Mårstøl var på 13. plass etter utfordelen, men med beste omgangstid i storslalåm vart det ein flott 3. plass i laurdagens FIS superkombinasjon.
2018-01-14 14:01:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Thorsnes sette punktumNRK Sogn og Fjordane
Elise Thorsnes scora kampens siste og sitt fjerde mål i 2018 då Canberra United i morgontimane slo Western Sydney Wanderers 2-0. Fotballspelaren frå Leikanger er inne i eit tre månader langt opphald i australsk fotball.
2018-01-14 08:27:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uavgjort for FlorøNRK Sogn og Fjordane
Florø Fotball har gjort unna sin første treningskamp for sesongen. Oppgjeret mot eliteserielaget Lillestrøm enda 1-1. Gary Martin scora for vertane etter 24 minuttar. Åtte minuttar seinare utlikna Alioune Ndour for 1. divisjonslaget frå Florø.
2018-01-13 20:40:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til lege etter utforkøyring i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Ein person er sendt til legevakta etter ei utforkøyring på riksveg 5 ved Erdalen, mellom Førde og Naustdal. Det melder AMK på Twitter.
2018-01-13 18:16:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar fv. 53 i morgonNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen i Årdal opnar att i morgon klokka 16. Det stadfestar avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen. Vegen har vore stengd sidan sist torsdag etter eit stort steinras. Vegen blir opna i eitt køyrefelt, med manuell lysregulering.
2018-01-13 14:51:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brann utanfor bustadhusNRK Sogn og Fjordane
Ingen personar skal ha kome til skade då det byrja brenne på utsida av eit bustadhus i Flora. Alle naudetatane rykte ut etter melding om røykutvikling. Ifølgje vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er brannen no sløkt. For å vere på den sikre sida har dei opna opp litt i ein vegg, for å sikre at det ikkje er varme i sjølve huset. Innsatsleiar Synnøve Domben i politiet seier dei fem personane som var i huset vart sett til av helsepersonell på staden.
2018-01-13 14:32:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har kalla ut mannskap i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Alarmsentralen stadfestar at det er sendt ut mannskap frå naudetatane etter melding om røykutvikling på ei adresse i Florø. Dei har førebels få opplysningar om kva som har skjedd. NRK kjem tilbake med meir.
2018-01-13 14:17:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde tapte første settNRK Sogn og Fjordane
Førde VBK sitt damelag tapte første sett i cupfinalen mot Oslo Volley. Oslo-laget vart ståande med settsigeren 25?18 .- Vi må slutte å gjere eigne feil, seier Espen Kirketeig i trenarteamet til Førde. Du kan følgje kampen direkte her.
2018-01-13 14:05:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte bryte tremila i NMNRK Sogn og Fjordane
Gjøran Tefre har brote på 30-kilometer fellesstart med skibyte under NM på ski. Førdianaren stod for ein sterk prestasjon då han i går gjekk inn til ein femteplass på 15 kilometer friteknikk. I dagens konkurranse var han nummer 71 etter 7,3 kilometer, over minuttet bak teten. Då løparane passerte 10 kilometer var Tefre ikkje lenger med i konkurransen.
2018-01-13 13:20:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegen på riksveg 5NRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrd av vegen i området ved Erdalen på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Ifølgje politiet er det berre ein bil som har vore involvert. Føraren seier seg uskadd, melder politiet på Twitter, som også opplyser at det skal vere svært glatt på staden. Brannvesenet vart også sende til staden. Ifølgje Alarmsentralen i Sogn og Fjordane måtte bilen fjernast med bergingsbil.
2018-01-13 13:15:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha kystvegen over TerøyaNRK Sogn og Fjordane
Kystvegen må gå i ytre trasé over Terøya. Det er kravet frå Jan-Ove Halsøy i Norsk Lastebileigarforbund (NLF), skriv Firdaposten. I fylkestinget vart Terøy-alternativet nedstemt, men NLF gir ikkje opp kampen for det alternativet dei meiner vil gje eit godt og samanhengande vegsamband langs kysten. Flora-ordførar Ola Teigen sa før jul til avisa at trasévalet ikkje er ute for alltid.
2018-01-13 12:48:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal lære unge bergensarar golfNRK Sogn og Fjordane
Donovan Goosen, busett i Jølster, er tilsett som profesjonell golfspelar i Fana Golfklubb. Golfklubben i Bergen er ein av dei største klubbane i Norge. Goosen blir såkalla headpro og skal gjennom jobben blant anna ha fagansvar for golf ved Metis vidaregåande skule.
2018-01-13 11:40:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slik blir vêret i dagNRK Sogn og Fjordane
Det er venta søraust liten til stiv kuling utsette stader i Sogn og Fjordane i dag, ifølgje varselet frå Meteorologisk institutt. Seint i kveld blir det periodevis sterk kuling nord for Bulandet. Det er venta opphaldsvêr og periodar med sol.
2018-01-13 10:48:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fem drukna i fylket i fjorNRK Sogn og Fjordane
Fem personar drukna i Sogn og Fjordane i fjor, det viser ei oversikt frå Tryg Forsikring. På landsplan var det 94 personar som drukna i 2017, noko som er tre fleire enn i 2016. Det er flest menn over 61 år som druknar, og oktober er den farlegaste månaden i året, viser oversikta.
2018-01-13 10:39:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Doblar størjekvoten i årNRK Sogn og Fjordane
Norge får i år 104 tonn av den internasjonale størjekvoten, noko som er ei dobling av kvoten frå i fjor., det skriv Fiskeribladet Fiskaren. I fjor var fiskebåten MS «Bluefin» frå Flora (bilde) den einaste norske båten som fekk fiske etter makrellstørje. Styresmaktene trur kvoten i år kan delast på to fartøy, men dette er ikkje avgjort enno.
2018-01-13 07:17:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Startar ryddinga nede på vegenNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet med å rydde vekk rasmassane nede på sjølve vegen ved Finnåstunnelen i Årdal startar opp i føremiddag. Fylkesveg 53, som er hovudvegen inn til Årdal, har no vore stengt i over ei veke. Dei siste dagane har Vegvesenet jobba med å spyle ned lausmassar ved bruk av helikopter, og eit reinskelag har gått over fjellsida for å fjerne lause steinar. Vegen er venta å opne i morgon.
2018-01-13 07:11:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen fredagNRK Sogn og Fjordane
Sjå Vestlandsrevyen fredag
2018-01-12 18:48:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjekk etter utforkøyring NRK Sogn og Fjordane
Føraren av ein semitrailer vart sendt til sjukehus for sjekk etter at bilen hamna utfor vegen på fylkesveg 60 ved Hellesylt i Møre og Romsdal. Bilen køyrer gods for Lerum Frakt i Sogndal, og føraren skal vere uskadd. Ifølgje Sunnmørsposten har semitraileren rive med seg autovernet og landa vel 20 meter nedanfor vegen.
2018-01-12 18:07:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rett frå Sogndal til SkottlandNRK Sogn og Fjordane
Chidiebere Nwakali fekk 26 seriekampar og fire mål for Sogndal i fjor. No er Manchester City-spelaren klar for skotsk toppfotball med Aberdeen. «The Dons» er på andreplass, åtte poeng bak serieleiar Celtic.
2018-01-12 16:41:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sterk prestasjon av TefreNRK Sogn og Fjordane
Gjøran Tefre frå Førde gjekk inn til femteplass på dagens 15 kilometer friteknikk under NM på Gåsbu. Tefre var 1.08 minutt bak Simen Hegstad Krüger som vart noregsmeister og opp til medaljane var det knappe halvminuttet. Heile resultatlista finn du her (ekstern lenke).
2018-01-12 15:10:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vidar Grønnevik tek attvalNRK Sogn og Fjordane
Valnemnda i Sogn og Fjordane Høgre ønskjer at Vidar Grønnevik frå Florø held fram som fylkesleiar. Det går fram av eit samrøystes innstilling frå nemnda. Samstundes planlegg partiet ei samanslåing av fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane med nytt, felles fylkesårsmøte i november 2018 i Bergen. Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane vert halde 10. og 11. februar i Sogndal.
2018-01-12 13:38:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil til HøyangerNRK Sogn og Fjordane
98 prosent av innbyggjarane på Nessane i Balestrand vil til Høyanger kommune, skriv avisa Ytre Sogn. Balestrand blir no del av nye Sogndal kommune, saman med Sogndal og Leikanger. Det har gjort at bygdefolket har teke til orde for å flytte grensa over til Høyanger. I løpet av april vil Fylkesmannen komme med si tilråding når det gjeld Nessane.
2018-01-12 12:48:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har fullført trenarutdanningNRK Sogn og Fjordane
Fleire trenarar frå Sogn og Fjordane har fullført Europas høgaste offisielle trenarutdanning. Desse er Eirik Bakke, Margunn Haugenes, Terje Skjeldestad og Ørjan Christiansen. Utdanninga rettar seg mot trenarar som har potensial og ambisjon om å jobbe som trenar innan toppfotballen, som hovudtrenar eller sjef.
2018-01-12 12:42:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjøs vert i HornindalNRK Sogn og Fjordane
Grenda Kjøs vert likevel ikkje flytta frå Hornindal til Stryn kommune. Departementet har trassa tilrådinga frå fylkesmannen og avgjort at grenda Kjøs blir verande i Hornindal kommune, skriv Fjordingen. Det bur 19 menneske i grenda.
2018-01-12 10:41:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil hamna i JølstravatnetNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil hamna i Jølstravatnet i samband med arbeidet på E39 mellom Skei og Førde. ? Det er ikkje snakk om personskade, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen. Han er no er på staden. Berre førarhuset til lastebilen stikk opp av vatnet. Lastebilen skal no trekkast opp.
2018-01-12 09:54:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måtte fjerne ting frå frontrutaNRK Sogn og Fjordane
Under ein køyretøykontroll på Kjøs i går blei ein sjåfør meld til politiet for brot på køyre- og kviletida. Ein annan sjåfør hadde for liten mønsterdjupne i dekka og fekk bruksforbod og bot for dette. To lastebilsjåførar måtte rydde i frontrutene sine før dei fekk køyre vidare.
2018-01-12 08:01:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

21 klagesaker om skulemiljø NRK Sogn og Fjordane
Fylkesmannen fekk i fjor 21 klagesaker knytt til skulemiljøet ved skular i Sogn og Fjordane. Det er i hovudsak føresette som melder inn sakene. I dei fleste tilfelle er samarbeidsklima mellom skule og heim dårleg og tillitsforholdet svakt.
2018-01-12 06:52:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Henta eliteseriespelar frå IslandNRK Sogn og Fjordane
Førde sitt handballag for damer i 1. divisjon har henta ein eliteseriespelar frå Island, skriv Firda. På nyåret mista dei to spelarar, men har henta inn den islandske bakspelaren Diana Kristin Sigmarsdottir som erstattar.
2018-01-12 06:16:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Narum blir skisjefNRK Sogn og Fjordane
Tidlegare langrennsløpar Ingrid Narum frå Sogndal tek over som administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins. Det melder skikrinsen på sine nettsider. 36-åringen tek formelt over for avtroppande Yngve Thorsen 15. april. Narum har sjølv 27 startar i verdscupen og kjem frå stillinga som plan- og utdanningsleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins.
2018-01-11 21:33:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Sjå Vestlandsrevyen 20.55
2018-01-11 20:52:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan vere på veg vekkNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelaren Gilbert Koomson reiser frå Sogndal viss han får sjansen, det seier han til Sogn Avis. Koomson er for tida på ferie i heimlandet Ghana. Ifølgje Bergens Tidende tok Sogndal Fotball kontakt med Brann for å selje den ettertrakta kantspelaren.- Eg har høyrt rykte om Brann, men eg har ikkje snakka med dei og ingen har kontakta meg om det, seier Komsoon til Sogn Avis.
2018-01-11 18:48:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.55NRK Sogn og Fjordane
Sjå Vestlandsrevyen 18.55
2018-01-11 18:46:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lærdal StartSiden - Nyheter fra Sogn og fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.